Spør KI-samtaleroboten vår
Kombinasjon av to bilder. Det ene viser en person som sitter foran en bærbar PC og noterer. Det andre er et EU-flagg med gule stjerner på blå bakgrunn.
Webinar

E.3 Oppstart av prosjektet (webinar)

Passer for:

Nybegynnere i Horisont Europa som ønsker tematisk fordypning og praktisk innsikt – uavhengig av rolle. Nivå 1 . Kursene er ikke åpne for private konsulenter/ konsulentselskaper som rådgir i spørsmål knyttet til Horisont Europa.

Pris:

Kurset er gratis.

Om arrangementet

Kurset gir nye prosjektleiarar ei praktisk innføring i korleis ein organisererer oppstarten og kjem i gang med eit Horisont Europa-prosjekt som har fått tildelt midlar. 

Å komme i gang med eit Horisont Europa-prosjekt kan vere krevjande, spesielt for førstegongskoordinatorar. I dette kurset får du oversikt over kva som må på plass frå kontrakt er signert til prosjektet er avslutta. Du får verktøy og malar, og ei praktisk innføring i viktige tema som rapportering, oppfølging, kommunikasjon og publisering.

Kurset passar først og fremst for koordinatorar, men innhaldet er også nyttig for alle prosjektpartnarar. 

Europa Media er kurshaldar og kurset blir gjennomført på engelsk. Finn fullstendig beskriving av kursa med program på dei engelske sidene våre. 

---

Forskingsrådet tilbyr ei strukturert kursrekkje for søkjarar til Horisont Europa. Kursa er organiserte etter tema, prosjektrolle og erfaringsnivå. 

Introduksjonskursa (serie A og E) passar for alle roller, medan serie B, C og D er tilpassa spesifikke roller i eit prosjekt. 

E. Rådgivning og interaktive arbeidsmøte

Kursane i E-serien passar for nybyrjarar i Horisont Europa som ønskjer tematisk fordjuping og praktisk rettleiing – uavhengig av rolle. Du finn ei beskriving av alle kursa på nettsida vår.

E.1 Rundsum (lump sum), budsjett og økonomistyring
E.2 Juridiske avtalar, tilskuddsavtalar og konsortiumavtalar 
E.3 Oppstart av prosjekt i Horisont Europa
E.4 Budsjettutvikling 
E.5 Klyngjeutlysingar og analyse av utlysningstekstar 
E.6 Formidling, kommunikasjon og bruk av resultat i Horisont Europa

Kontakt

Lurer du på noe?
Send oss en henvendelse

Meldinger ved utskriftstidspunkt 11. desember 2025, kl. 15.47 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.
{ }