Når du bruker nettsidene våre eller er i kontakt med oss på sosiale medium
Kva nettstader gjeld personvernerklæringa for?
Personvernerklæringa gjeld for nettsidene Forskningsrådet, Forskningsdagene og Nysgjerrigper.
Den gjeld også for 21-strategiane: Helseomsorg21, Energi21, Olje og gass for det 21. århundre, Maritim21, Prosess21, Transport21 og BarnUnge21.
I tillegg gjeld han for Cancer Mission, IEA, Finansmarkedsfondet, EEAgender (på engelsk) og Regionale forskningsfond (RFF).
Webanalyse og informasjonskapslar
Når du besøkjer Forskingsrådets nettsider, blir IP-adressa di henta i maskert form. Vi behandlar opplysningane anonymt, så vi kan ikkje knyte dei til deg som person. Vi samlar inn desse opplysningane for å lage statistikk. Statistikken hjelper oss å forstå korleis vi kan forbetre nettsidene våre. Vi får innsikt i kor mange som besøkjer kvar side, kor lenge du er på sidene, kva nettstader du kjem frå og kva nettlesarar du bruker.
Vi bruker analyseverktøy frå Piwik Pro, SemRush og Site Improve på nettsidene våre. EEAgender bruker analyseverktøyet Matomo. Ved å godta eller avvise cookievarselet som kjem opp når du besøkjer nettsida, samtykkjer du, eller samtykkjer du ikkje i bruken vår av informasjonskapslar ("cookies"). Tenesta er levert av Cookie Information. Ved å godta cookievarselet samtykkjer du til Piwik Pro og Site Improve sine retningslinjer for personvern.
Informasjonskapslar er små tekstfiler som blir plasserte på datamaskina di når du lastar ned ei nettside. Vi bruker informasjonskapslar til å generere statistikk og til webanalyse for å leggje til rette for best mogleg funksjonalitet og brukaroppleving på nettsidene.
Om du deaktiverer informasjonskapslar, vil det kunne føre til at funksjonaliteten på nettstaden blir avgrensa. Du kan lese meir om informasjonskapslar på mellom anna www.allaboutcookies.org og www.cookiepedia.co.uk.
Forskingsrådets samtalerobot, chatbot
Chatboten til Forskingsrådet er ei anonym teneste som svarer på generelle spørsmål basert på informasjon frå forskningsradet.no.
Vi lagrar samtalen din i opptil 30 dagar. Dette gjer vi for å finne igjen tidlegare spørsmål og for å forbetre tenesta.
For å vareta personvernet ditt, ber vi deg om å ikkje skrive inn personopplysningar, som til dømes namn, e-postadresse eller telefonnummer.
Vi lagrar ikkje IP-adressa di.
Opptak av arrangement og lyd
Til avspeling av opptak av arrangement og lydar bruker vi Quickchannel, Vimeo, YouTube og Soundcloud. Bruken din av desse funksjonane er underlagde personvernerklæringane til selskapa som leverer dei.
Databehandlarar for nettsidene våre
Epinova AS og Optimizely er, som leverandør av drift og vedlikehald, databehandlar for nettsidene våre.
Sosiale medium
Nettsidene inneheld lenkjer til profilsidene våre på dei sosiale media Facebook, LinkedIn, Instagram og Snapchat. Bruken din av desse funksjonane er underlagde personvernerklæringane til selskapa som leverer tenesta.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 17. juli 2025, kl. 10.59 CEST